INSTRUKTSJONSAMLING PÅ I REGI AV NPK SØRLANDET.
Samlinga føregjekk i helga 12.-14. april på Bjåen turisthytte der vertskapet hadde ordna med dispensasjon frå bandtvangen på sin eigedom. Det var stålande vær på fredag når 8 deltakarar kom til Bjåen for å ha to dagar i fjellet. Det var deltakarar frå Mundheim i Vest, Ås i aust og Kristiansand i sør.
Fredag kveld var det å bli kjent med instruktør og kvar andre før det var teori om føring av hund i fjellet. Dette blei gjort i gamlehuset av instruktør Olav Schrøder. Etter dette var det sosialt samvær med masse hundeprat til kvelden kom. Laurdag var det strålande sol, mildt og ein draumedag å være i fjellet. Før vi reiste ut i fjellet, hadde vi en runde med dressur for sjå kor langt kvar hund hadde kome i dressuren.
Alle hundane var borte i fugl og fekk sine råd av instruktøren om kva som måtte jobbast med når det gjaldt kvar enkelt hund. Som vanleg på en instruksjonssamling var det hundar av forskjellig modenhetsgrad. Nokre gjekk stort og erfarent, andre meir forsiktig i sitt søks opplegg og fugleerfaring.
Etter ein lang dag i fjellet der vi hadde to gode pauser for at hundane skulle få kvile var det godt å kome ned til Bjåen om kvelden. Etter «after dog» på verandaen, var det felles middag i Nipasalen med viltgryte, raka reinskjøtt, eggerøre, heimbakt flatbrød, røkt laks og dessert. Etter dette blei det en gjennomgang av kvar enkelt hund og tankar om kva som måtte gjerast med hunden for å få den til å fungere endå betre. Etter kvart kom ole lukkeøye til de fleste før klokka 12…..
Søndag var det ikkje så fint vær, men vi reiste ut og fant bra med fugl. Hundene var overraskende spreke etter en lang dag på laurdag. Fleire standar blei det, og vi var godt fornøyde når vi kom ned til Bjåen.
Før vi reiste kvar for oss, gjekk vi gjennom litt om dressur i fjellet, samt foring av trening av hund.
En gild helg med gilde deltakararJ!
Normal 0 21 false false false NO-BOK X-NONE X-NONE /* Style Definitions */ table.MsoNormalTable {mso-style-name:»Table Normal»; mso-tstyle-rowband-size:0; mso-tstyle-colband-size:0; mso-style-noshow:yes; mso-style-priority:99; mso-style-parent:»»; mso-padding-alt:0cm 5.4pt 0cm 5.4pt; mso-para-margin-top:0cm; mso-para-margin-right:0cm; mso-para-margin-bottom:10.0pt; mso-para-margin-left:0cm; line-height:115%; mso-pagination:widow-orphan; font-size:11.0pt; font-family:»Calibri»,»sans-serif»; mso-ascii-font-family:Calibri; mso-ascii-theme-font:minor-latin; mso-hansi-font-family:Calibri; mso-hansi-theme-font:minor-latin; mso-fareast-language:EN-US;}